Medieklipp
Fekk hjerneslag - så ringde telefonseljaren
Gunnar Berge fekk hjerneslag og klarte ikkje å ringe etter hjelp. Då vart telefonseljaren redninga, skriver Østlendingen.
Historia starta då den pensjonerte sjømannen og fiskaren frå Berge i Hyllestad fekk hjerneslag i januar i år.
– Eg låg på sofaen og kvilte. Kona mi var i Hyllestad, så eg var åleine heime, fortel Berge.
– Då eg skulle stå opp att frå sofaen ville ikkje beina bere meg, og eg hugsar at eg både velta stolar og at eg var redd for at eg skulle gå hovudstups ut gjennom stoveglaset. Så hugsar eg ikkje meir før eg vakna opp att innunder stovebordet, seier Berge.
Greidde ikkje ringe
Då Berge kom til hektene att, greidde han å få tak i ein skammel, og ved hjelp av den kjempa han seg på alle fire inn til soverommet der mobiltelefonen låg. Berre for å oppdage at han ikkje greidde å ringe til nokon.
– Det var ein forferdeleg fortvila situasjon, og eg visste ikkje kva eg skulle gjere. Det einaste eg greidde var å sitje på sengekanten med telefonen i nevane, og håpe på at einkvan skulle ringe.
Etter ei tid – Berge veit ikkje kor lenge – ringde telefonen. Og av alle ting var det ein telefonseljar som snakka i den andre enden.
Hadde kjempeflaks
– Snakk om å ha kjempeflaks! Eg forsto at dette kunne vere redninga, og eg var såpass klår at eg på ein roleg måte gjorde greie for kva som hadde skjedd, kven eg var, og at eg trengde hjelp.
Telefonseljaren lova å ringe etter hjelp, så Berge vart sitjande å vente på at helsepersonell skulle komme for å hente han.
– Etter ei tid ringde telefonseljaren att. Han lurte på om dette var seriøst meint, og at eg ikkje berre var ein spøkjefugl som mislikte telefonseljarar.
– Eg forsikra han om at dette var dødsens alvor, og at han måtte vere snill å ringe etter lege til meg. Etter ei tid kom det hjelp, og eg vart sendt i ambulanse til Førde sentralsjukehus.
Les meir om saka hjå Østlendingen