Medieklipp

Astrid (89) sendt 20 mil omveg med lårhalsbrot

Publisert Sist oppdatert

Da Astrid Dagsgard frå Skjåk braut lårhalsen, vart ho sendt til Skjåkheimen for overnatting, i staden for å bli sendt rett vidare til Lillehammer eller tilbode overnatting på Lokalmedisinsk senter (LMS) på Otta, skriv Gudbrandsdølen Dagningen.
– Kvifor vart ho ikkje køyrt vidare til sjukehuset på Lillehammer, eller i det minste fått ei seng på LMS på Otta når ho var der lell, før ho vart sendt vidare til røntgen?
Torø Elin Dagsgard stiller seg undrande til kvifor svigermor Astrid Dagsgard måtte ta ein omveg på 20 mil før ho kom til røntgen.
– Med bakgrunn i det doktoren sa om natta om at ho skulle til røntgen på Lillehammer morgonen etter, tykkjest det meiningslaust at ho skulle til Skjåkheimen for berre nokre få timar. Min første reaksjon etter samtala var: Kva er meininga med dette? Det vart 20 mil unødvendig køyring og ei ekstra påkjenning. Kva ligg det i ei slik avgjerd, undrar ho.
Etter ein titt i pasientjournalen slår den nytilsette overlegen på Lokalmedisinsk senter på Otta fast at det ikkje vart gjort nokon legemedisinsk feil da Astrid Dagsgard vart undersøkt.
– Legen som undersøkte henne oppfatta det som om det var ein skade i kneet. Pasientar blir ikkje sendt til Lillehammer om natta når det ikkje er mistanke om brot. Ut frå vår ståstad vart det ikkje gjort noko feil i høve til vanlege rutinar.
Les meir om saka hjå Gudbrandsdølen Dagningen

Powered by Labrador CMS