Legevakt

Slår tilbake: hevdar helseføretaket ønskjer å bli kvitt henne

Publisert Sist oppdatert

Den profilerte legen Anna Owczarz hevdar helseføretaket ønskjer å bli kvitt henne. Det er svaret hennar etter at føretaket skuldar henne for å ha ansvar i saka der ein baby i Kristiansund døydde, melder NRK Møre og Romsdal.
Bakgrunn: Meiner at legevaktlege må ta del av ansvar i samband med barnedødsfall
Det er høg temperatur i debatten kring skuld og anvar etter at ti månader gamle Sebastian Gils Ødegaard døydde i februar i fjor.
Les og: Sebastian (10 md) døde under helikoptertransport
Tidligare: Forsøkte gjentatte ganger å få helikopter
Nyleg gjekk Helsetilsynet ut med hard kritikk av Helse Møre og Romsdal etter dødsfallet. Det resulterte i at helseføretaket fredag sende eit svar tilbake til tilsynet, der dei tek sjølvkritikk, men samstundes peikar klart på legevaktlegen Anna Owczarz i Kristiansund. Ho slår no tilbake.
Meir: AMK Møre og Romsdal og luftambulanselege får hard kritikk
– Eg syns det er underleg at dei brukar krefter på å personangripe meg, i forsøk på å pulverisere heile ansvaret, i staden for å arbeide for at barneavdelinga skal bli open heile sommaren, seier ho.
Føler du at helseføretaket ønskjer å få deg ut?
– Ja, det har dei ønskt i lang tid. Eg er jo ikkje den mest behagelege, som kritiserer, står på, og har ført den kampen i mange år.

Usamd i kritikken

I brevet til Helsetilsynet skriv Helse Møre og Romsdal mellom anna at barnelegen underkommuniserte og undervurderte kor alvorleg sjuk Sebastian Gils Ødegaard var då han kom til legevakta i Kristiansund første gongen. Owczarz er totalt usamd.
– Eg er faktisk veldig usamd. Eg meiner at eg har vurdert barnet grundig etter mine beste evner, og kommunisert tydeleg til AMK om barnets tilstand og behov for transport, seier ho og strekar under at det ikkje fans rutinar for å leggje barnet inn på intensivavdelinga. Ho seier også at mora til babyen kunne ta kontakt når som helst på døgnet, dersom det skjedde noko.
Les meir om saka hjå NRK

Powered by Labrador CMS