Innenriks

Skal granske det nye naudnettet

Publisert Sist oppdatert

Veritas skal finne ut om det nye naudnettet fungerte godt nok under stormen «Tor», skriv NRK Sogn og Fjordane.
– Vi vil vere betre rusta når neste storm treff oss, men då treng vi meir kunnskap, seier Eline Paxal i Direktoratet for nødkommunikasjon.
Då ekstremvêret «Tor» herja langs kysten i januar i år, blei det den første store prøva for det nye naudnettet, etter at det blei landsdekkande.
Fleire plassar låg naudnettet i periodar nede under stormen, og ordførarar i fleire kommunar har sagt at dei er uroa for neste storm.

Store øydeleggingar

«Tor» førte til ei rekkje materielle skadar, særskilt i kystkommunar i Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal og Hordaland.
Kring 60.000 husstandar var utan straum i periodar medan ekstremvêret herja. Norske forsikringsselskap fekk inn over tusen meldingar om bygningsskadar.
Men også naudnettet blei råka av ekstremvêret.
I Norge var det totalt 121 basestasjonar som hadde nedetid under ekstremvêret. I Sogn og Fjordane var det totalt 33.
– «Tor» var den første store stormen etter at naudnettet blei teke i bruk. Difor er det særs interessant å sjå kva som fungerte og eventuelt ikkje fungerte med tanke på stormen, seier Paxal.
Les meir om saka hjå NRK

Powered by Labrador CMS