Innenriks
Akuttmottaket nærmar seg sprengt kapasitet
Medan talet på pasientar ved Førde sentralsjukehus har auka kraftig, har lite blitt gjort for å gi akuttmottaket meir plass, skriv NRK Sogn og Fjordane.
Førde sentralsjukehus fekk laga til sitt akuttmottak i 1979. Snart 40 år seinare er akuttmottaket det same, fortel avdelingssjef Trine Vingsnes ved medisinsk avdeling i Helse Førde.
– I takt med at sjukehuset har vekse og utvikla seg, har vi fått mykje større pasientstraum no enn vi hadde for 10–20 år sidan. Så vi når i taket etter kvart no på kva vi har plass til av vidare vekst.
Vingsnes meiner modernisering og utbygging er avgjerande for at mottaket kan levere gode tenester også i framtida.
– På dei travlaste tidspunkta på dagen skulle vi gjerne hatt meir plass, men også meir plass som er laga til etter moderne mottaksdrift. Vi gjer ting på ein anna måte enn då dette sjukehuset vart bygd, så det er nye behov som kjem til i takt med at det utviklar seg, seier ho.
Første løysing i 2017
Den første løysinga når det gjeld plass kjem først i 2017. Då skal sjukehuset få nytt bygg, og legevakta som i dag delar lokale med mottaket, flyttar og overlèt sine noverande lokale til mottaket.
Les meir om saka hjå NRK