Ambulanseorganisering
Norddølane ser vestover
Utilfredsstillande ambulansesituasjon og akuttberedskap gjer at nordølane vender blikket mot nabofylka i vest, skriv Gudbrandsdølen Dagningen.
– Dette er eit problem for heile landet, men området her og nørdst i Skjåk kjem desidert dårlegast ut av alle når det gjeld akuttberedskap og responstid. Dovre-ordførar og regionrådsleiar Bengt Fasteraune synest det er ein merkeleg diskusjon som foregår rundt sjukehusetablering og ambulansedrift. Organisering av helseforetaka synest viktigare enn omsynet til pasienten.
Sp-minister inn på teppet
– Nå er det på tide å setja brukaren i sentrum, seier Fasteraune. Aksjonsleiinga for å ivareta sjukebil på Lesjaskog og leiinga i Lesja Sp tilkalla i går sin eigen fylkesvaraordførar Ivar Odnes i håp om å få saka opp på ministernivå.
Folk i Dovre og Lesja har Lillehammer sjukehus som næraste akuttmottak. Lengst frå er det 22 mil. Til Molde er det 11, berre det halve. Det blir enda lengre med nytt storsjukehus på Biri.
– Vi vil at strekninga mellom Dombås og Isfjorden skal styrkast med ei ambulanse som kan kjøre på tvers av fylkesgrensene, uavhengig av grensene til helseforetaka, understrekar gruppeleiar Einar Utgaard i Lesja Sp.
Les meir om saka hjå Gudbrandsdølen Dagningen