Ambulanse

Truga med å skyta ambulansepersonell

Publisert Sist oppdatert

Politiet i Kvinnherad måtte i kveld pågripa ein person i ein væpna aksjon, skriv Kvinnheringen.

Det var ved 18.45-tida at politiet fekk kontroll på situasjonen. Dette etter at ein person hadde truga lege og ambulansepersonell med å skyta dei, om dei ikkje kom seg unna.

– I utgangspunktet var det eit helseoppdrag, men det enda med ein større politiaksjon, difor gjekk vi òg ut med dette på twitter, fortel operasjonsleiar i Hordaland politidistrikt Bjarte Rebnord.

Politiet var i forkant varsla om at ambulansepersonellet skulle til staden, så då poltiet fekk beskjed om trugsmåla kom dei raskt til staden.

Les heile saka hjå Kvinnheringen (krev innlogging).

Powered by Labrador CMS