Ambulanse

Glad dei vart høyrde i ambulansesaka

Publisert Sist oppdatert

Eg er glad dei valde å lytte til argumenta våre, seier Høyanger-ordførar Petter Sortland, etter at styret i Helse Førde har bestemt at ambulansetenesta i Lavik blir som før. Det skriv Ytre Sogn.
Han seier til Ytre Sogn at han hadde blitt veldig overraska om styret hadde bestemt seg for noko anna, etter at Helse Førde-direktør Jon Bolstad i si tilråding før styremøtet fredag gjekk inn for at ambulansetenesta i Lavik vart som før.
– Eg ser at mange av argumenta våre er brukte i sakshandsaminga deira, som at ambulansebilen i Lavik har ei strategiske plassering i høve til hovudferdselsåra E39, samt at den har ei tenleg plassering mellom sjukehusa i Førde og Bergen, seier Høyanger-ordførar Petter Sortland.
Les heile saka hjå Ytre Sogn

Powered by Labrador CMS