Ambulanse

Fryktar kvardagen utan båtambulanse i Askvoll

Publisert Sist oppdatert

I dag blir det avgjort om ambulansebåten i Askvoll blir lagt ned. Det skapar uro for folk på øyane, skriv NRK Sogn og Fjordane.
– Eg trur det å legge ned ambulansebåten vil vere ei dårleg løysing. Det blir ikkje trygt for oss som bur her, seier Hugrun Fedøy.
Ambulansestrukturen i Askvoll skal avgjerast på eit styremøte i Helse Førde i føremiddag.
Styret skal ta stilling til både om bilambulansane i Fjaler og Askvoll skal samlast i éin felles ambulansestasjon i Dale, og kva som skal skje med ambulansebåtane i området.

For båtane har administrerande direktør Jon Bolstad skissert to alternativ.
Primært ønskjer han at båtambulansetilbodet for kysten av Sogn og Sunnfjord skal lysast ut på anbod med ein båt i Solund og kjøp av Taxibåttenester i Askvoll.
Eit anna alternativ er at det vert lyst ut anbod for båtambulansedrifta i området med ein båt i Solund og ein samfunnsbåt (brukt som ambulanse) i Askvoll.
Les meir hjå NRK

Powered by Labrador CMS