Aktuelt
Tolv legar ventar fleire dødsfall
Tolv fastlegar ventar auka trykk på ambulansane og vanskar med rekruttering av legar. Helse Førde peikar på positive erfaringar utan akuttkirurgi på sine lokalsjukehus, skriv Hardanger Folkeblad.
Helse Fonna har publisert høyringssvar om framtida for Odda sjukehus på nettsida si etter kvart som dei har kome inn. Då høyringsfristen gjekk ut 21. februar, var det publisert 20 høyringsbrev. Desse er så godt som samstemte om trongen for akuttkirurgisk beredskap ved Odda sjukehus. Helse Førde er eit unntak.
«Odda har mange avbrotne oppdrag med luftambulanse som oftast skuldast dårleg flyvêr. Odda sjukehus sitt opptaksområde hadde heile 13,4 prosent avbrotne oppdrag i perioden 2014 til 2016.
Les heile saka hjå Hardanger Folkeblad