Utenriks
Canada stengjer truleg Huawei ute frå nødnettbygging
(NPK-NTB-Reuters): Det kinesiske telekomselskapet Huawei kan komme til å bli kasta ut frå arbeidet med å byggje eit trygt, nasjonalt nødnett i Canada.
(NPK-NTB-Reuters): Det kinesiske telekomselskapet Huawei kan komme til å bli kasta ut frå arbeidet med å byggje eit trygt, nasjonalt nødnett i Canada, skriv mre.no.
Regjeringa i Canada gav tysdag sterke signal om at den kinesiske utstyrsgiganten Huawei Technologies Co Ltd kan bli stengd utan frå arbeidet fordi selskapet kan vere ein tryggingsrisiko.
Regjeringa viser til ein unntaksregel som gjer det mogleg å diskriminere selskap som blir vurdert som for risikable for tryggleiken, utan at styresmaktene bryt dei internasjonale handelsreglane. Det aktuelle nettverket skal behandle telefonar, e-post og annan offentleg elektronisk kommunikasjon for styresmaktene.
Etterretningskomiteen i Representanthuset i USA har oppmoda amerikanske selskap til å avslutte alle forretningssamarbeid med Huawei og ZTE, eit anna kinesisk telekomselskap.
Huawei driv ei svært vellykka verksemd i Canada. Selskapet vann i 2008 ein kontrakt om å byggje ut eit nasjonalt nettverk for dei innanlandske operatørane Telus Corp og BCE Incs Bell Canada.
Canada har ikkje gått like langt som Australia, som har stengt Huawei ute frå kontraktar om utbygging av det nasjonale breibandnettverket, som er verd 38 milliardar dollar, cirka 230 milliardar kroner.
Les meir om saka hjå mre.no