Nødmeldetjeneste
AMK sende sjuk baby på langtur
Med tette luftvegar og fleire pustestopp vart den fire veker gamle babyen send ut på ei elleve timar lang reise frå Kaupanger til Førde.
Med tette luftvegar og fleire pustestopp vart den fire veker gamle babyen send ut på ei elleve timar lang reise frå Kaupanger til Førde, skriv Sogn Avis.
2 .juledagsmarerittet starta på ettermiddagen for mamma Marianne Aasen og pappa Jørn Kristian Engebø heime på Kaupangerskogen. Den vesle guten, som ikkje har fått namn, fekk pustestopp etter kraftige hostebyger.
– Han var vekke, men me fekk rista pust i han att, fortel Jørn om starten på den dramatiske kvelden då bygda også var utan straum heile dagen.
Til lege
Klokka halv åtte om kvelden reiste dei med babyen til legekontoret i Sogndal. Også der fekk guten pustestopp, og legane var ikkje i tvil om at han måtte på sjukehus. Men vegane var ikkje like framkomelege etter Dagmar sine herjingar. I tillegg var det heller ikkje flyvér for helikopter.
– Både legar og ambulansepersonalet gjorde ein framifrå jobb heile vegen. Då det vart konkludert med stengt E39 tok legen kontakt med Haukeland der dei sa me var hjarteleg velkomne med babyen. I tillegg låg Voss på vegen, om det vart ekstra akutt. Men i Førde insisterte dei på at me skulle dit.
Over raset
Dermed vart ambulansen dirigert via farlege Kjøsnesfjorden. Planen var at ein hjullaster skulle frakte mor og barn over den stengde E39 i Movika til ein ventande ambulanse på andre sida.
– For det første er det heilt urimeleg å planleggja å ta ein fire veker gamal sjuk baby forbi ein stengd veg med hjullaster. For det andre er det rein galskap og i det heile teke sende ein ambulanse inn i eit rasområde, seier Jørn som måtte vera att heime då Marianne og minstemann drog med sjukebilen.
Nytt ras
Då ambulansen kom fram til Kjøsnesfjorden var det ikkje uventa bom stopp, men ikkje der dei trudde.
– Eg hadde mobilisert til at me måtte over med hjullastaren, men då sa ambulansesjåføren sindig og roleg at nei dette var nok eit nytt ras, fortel Marianne.
Etter kort tid tok dei avgjerda om å snu attende til Sogndal. Risikoen for å bli sperra inne mellom to ras var stor. Kastevindar gjorde at det heller ikkje var mogeleg å sende helikopter for å henta dei.
Ferje
Attende i Sogndal vart babyen på nytt sjekka av lege, som framleis var like overtydd om at tilstanden var så alvorleg at han måtte på sjukehus. Og framleis var det Førde som vart presentert som einaste alternativ frå AMK. Det vart difor beordra ferje frå Kaupanger til Balestrand. I motvind og bølgjer tok turen tre timar. Dei var framme klokka halv tre om natta og frå Balestrand gjekk ferda over i ambulansebåten Solund som kjempa seg vidare utover Sognefjorden.
– Personalet om bord der var heilt fantastiske, men babyen vart stadig dårlegare, seier Marianne som held likevel held roa trass i høge bølgjer og grov sjø.