Medieklipp

Samtrening kan gje betre praksis
I møte med en akutt sjuk pasient teller kvart minutt.
Derfor trenar studentar i paramedisin og lærlingar i ambulansefag saman for å sikre at dei kjenner kompetansen til kvarandre før dei møtest i praksis, meldar Universitetet i Stavanger.
I august starta eit nytt kull med studentar på bachelor i paramedisin ved UiS. Omtrent samtidig starta lærlingar i ambulansetenesta sine to år med læretid ved Stavanger Universitetssjukehus (SUS).
For å sikra at begge gruppene har same grunnlag når dei møtest i praksis på ambulansestasjonen er det tatt initiativ til fleire samtreningar gjennom hausten. Desse blir organisert i samarbeid mellom Stavanger Universitetssjukehus, UiS og simuleringssenteret SAFER.
Erfaringsutveksling er målet
Samarbeidet skal gje 1. års studentar i paramedisin og 1. års lærlingar i ambulansefag høve til å trena saman.
Målsetjinga er meistring og erfaringsutveksling. Læringskurva vil bli bratt for mange, og særleg for nye studentar som ikkje nødvendigvis startar på studiet med helsefagleg kompetanse.
– Det var ein nyttig og lærerik dag. Lærlingane har ein annan bakgrunn enn oss ferske studentar, og det kom tydeleg til uttrykk under dei ulike simuleringsøvingane, fortel 1. årsstudent May-Britt Lode.
– Forhåpentlegvis kan vi læra av kvarandre etterkvart som vårt teoretiske og praktiske grunnlag blir betre, legg ho til.
Dette blir støtta av Nina Vatland, studieprogramleder for paramedisinutdanninga ved UiS:
– Vi vil at studentane våre og lærlingane frå SUS skal bli vant til å trena saman slik at dei kan dra nytte av kompetansen til kvarandre. Målet er at skiljet ikkje blir for stort når dei skal jobbe saman i praksis til våren, seier Vatland.
Øver på systematiske pasientundersøkingar
Dei to første dagane med samtrening er allereie gjennomført. Det ble lagt vekt på grunnleggande ferdigheiter som pasientundersøkingar.
Systematiske undersøkingar av pasienten hjelper helsearbeidarar å ta riktige avgjerder i ein akutt situasjon. Det er derfor ein viktig del av den grunnleggande opplæringa i akuttmedisin.
Ved å gjera systematiske observasjonar av tilstanden til pasienten, kan helsearbeidarar setja i verk riktige tiltak til riktig tid. Det gjer det òg lettare å oppdaga endringar eller forverring i helsetilstanden til pasienten.
Les heile saka hos Stavanger Universitetssykehus.