Ambulanse

Ambulansesituasjonen som uroar

Publisert Sist oppdatert

14 dagar etter at nattambulansen vart kutta frå Granvin, skjer det som ikkje skulle skje. Ein pasient med hjartestans døyr grytidleg om morgonen før ambulansen frå Voss rekk fram, skriv avisa Hordaland i sin leiar.
At brannsjefen og ordføraren i Granvin er uroa over ambulansesituasjonen i indre Hordaland, er lett å forstå.
OM LIVET TIL pasienten kunne vore redda med natt­ambulanse stasjonert i Granvin, er det ingen­ som veit. Men det er eit faktum at slik Helse Bergen­ har lagt opp den nye ordninga, må brannfolka i sterkare grad førebu seg på å gå inn i ei relativt ukjent rolle som livreddarar.
Alt i løpet av den fyrste månaden har brannfolka i Granvin rykt ut to gonger til hjartestans, den andre gongen med lukkeleg utfall. Det er også lett å forstå at brannfolka synest dette er utfordrande. Sjølv om dei har grunn­leggjande opplæring, er det tøft å få ei slik oppgåve utan fagutdanning.
DET ER IKKJE meir enn tre månader sidan Voss lege­råd - fastlegane - gav ein kraftig og kritisk uttale til ambulansereduksjonen i distriktet.
Legane peika då på at distriktet vårt var sårbart alt slik det var - før reduksjonen. Dei gjorde det klinkande klart at ein ikkje burde bagatellisera den auka responstida som ville fylgja av færre ambulansar.
Nettopp det er også eit kjernepunkt: Beredskapen i området har vorte svekt samanlikna med det me har hatt før. Fastlegane på Voss syntest dette var uakseptabel distriktspolitikk.
DEN NYE administrerande direktøren ved Haukeland sykehus, Eivind Hansen, sa i lesarinnlegg i Hordaland 10. november i fjor at dei ikkje spelar hasard med folk sine liv. Dette som respons på Hordaland sin leiar i avisa laurdagen før.
Dilemmaet med ambulansereduksjonen, er at konse­kvensane kan verta fatale når det fyrst går gale.
Les heile leiaren her

Powered by Labrador CMS