Luftambulanse

Krev større og tryggare helikopter

Publisert Sist oppdatert

Dei tilsette på luftambulansen i Førde ønskjer seg større og tryggare helikopter. Både lengre rekkevidde og oppblåsbar flytehjelp står på ønskjelista. Men når luftambulansetenesta no er lyst ut på nytt anbod har ikkje Helse Vest prioritert ønskja frå dei tilsette, skriv NRK Sogn og Fjordane.

Luftambulansetenesta sin noverande avtale går ut mai 2018. Ei ny avtale skal vere på plass i 2016 og heile helikoptertenesta er lyst ut på anbod.
Men i dag vart anbodet offentleg og då synte det seg at det regionale helseføretaket ikkjehar bede om anbod på helikopteret Helse Førde ynskjer.
– Det er mogeleg at det er eg som er naiv, men eg har alltid trudd at Helse Vest også var interessert i å utvikle tenestene best mogeleg. Eg er skuffa, eg trudde vi var på same lag, seier Rune Larsen. Han er lege og verneombod på luftambulansen.

Vil betre tryggleiken

Flytida til luftambulansen over sjø og fjord har auka kraftig dei siste åra. Helikopteret til Helse Førde flyr over lange avstandar og må ofte mellomlande for å etterfylle drivstoff. Det kan vere skjebnesvangert.
Verneombodet føler dei ikkje har fått svar på kvifor det ikkje vart stilt krav om nytt helikopter.
– Dette har vi prøvd å ta opp, men vi føler ikkje vi får gode nok svar frå dei som sit over oss, seier Larsen.
Øyvind Juell, dagleg leiar i Luftambulansetenesta AMS, seier helikopteret til Helse Førde er godt nok.
– Vi har gjort vurderingar rundt denne problemstillinga. Vi har ei teneste som sjølvsagt følgjer luftfartsreglane. Der står det at du skal nytte floats viss du flyr meir enn ti minutt frå land. Og det gjer vi ikkje i Førde, seier han.
Les meir om saka hjå NRK

Powered by Labrador CMS