Hopp til hovedinnhold


Vil stoppa nedbemanning av AMK-sentralar

Meiner reduksjon av bemanninga ved AMK sentralane til Helse Fonna og Helse Vest vil råka akuttilbodet i distriktet, skriv NRK Rogaland.
– Me har fått signal om at styret ønsker å redusera bemanninga frå tre til to. Me er redde for sikkerheita til befolkninga dersom dette skjer, seier Fylkestingsrepresentant for Arbeidarpartiet på Karmøy, Jarle Nilsen.

Kan ta lenger tid å få hjelp

– Dersom ein har lokal bemanning så har ein også god kjennskap til distrikta rundt, til korleis kollektivtrafikken fungerer, og ein del andre ting som er viktige for ein AMK sentral, seier Nilsen.
– Kva vil konsekvensane vera om ein redusere bemanninga?
– Me er redd for at det vil ta lenger tid før hjelpa kjem, og dersom det berre er to på vakt og desse er opptekne, så vil telefonane i større grad blir sett vidare til andre distrikt. Dette vil gå ut over kvaliteten på tilbodet, derfor ønsker me å behalda den bemanninga me har i dag om det er mogleg.
Les meir om saka hjå NRK