Hopp til hovedinnhold


Trekkjer tilbake ambulansesaka

Styret i Helse Førde trekkjer ambulansesaka frå sakskartet på møtet i dag og kjem ikkje til å behandle den, skriv Firda.

Les også i Fjordenes Tidende: Godtek ikkje at beredskapen blir svekka  Seljeordføraren vil ikkje sitje roleg å sjå på at Helse Førde sniknedleggjer ambulansetenesta. Han får solid støtte av ordføraren i Bremanger.

Administrerande direktør Jon Bolstad og styreleiar Jorunn Ringstad gjorde merksam på dette ved starten av møtet i dag og grunngav det med reaksjonane som er komne, særleg frå kommunane.

– Ambulansesaka har blitt oppfatta på ein anna måte enn det som var tenkt, seier Bolstad.

Saka blir trekt frå sakskartet slik at det blir køyrt høyringsprosessar før saka kjem opp på nytt. Helse Førde vil seinare komme attende til tematikken på ein annan måte.

Krev å verte tekne med på råd

Kommunane har spesielt reagert på at det tidlegare ikkje har vore lagt opp til høyringsrundar om denne saka.

Administrasjonen i Helse Førde strekar under at dette ikkje var nokon ambulanseplan, men ein modell om ei målsetting for omlegginga.

Les meir om saka hjå Firda