Hopp til hovedinnhold


Teknisk feil stoppa opning av nytt naudnett for helse på Sørlandet

Det nye naudnettet skulle ha blitt teke i bruk på Sørlandet onsdag. Men det er berre brannkorps og politi som går i gang, melder NRK Sørlandet.

– Det oppstod ei teknisk utfordring som vi må sjå nærare på. Då meiner vi det er riktig å utsetje oppstarten, sa Dagfinn Sjøvik som er prosjektleiar for det nye naudnettet i Direktoratet for naudkommunikasjon.
Naudetatane hadde invitert til pressekonferanse for å «klippe snora» av det nye naudnettet. Men ein teknisk feil gjer at helseetaten ikkje får ta i bruk det nye nettet endå.
– Av og til dukkar det opp utfordringar og det må vi løyse på best mogleg måte, seier han.
Medan politi og brannkorps beskreiv dagen med ord som «stor» og «fantastisk», var ikkje klinikksjef ved Sørlandet sykehus, Geir Bøhler like nøgd.
– Det er ikkje den same festdagen for oss. Men vi vil gratulere brann og politi med at dei kjem i gang i dag, seier han.
– Det er særs beklageleg at vi ikkje kjem i gang. Det hadde vore nydeleg å komme i gang og samarbeide med politiet og brannvesenet. Vi har mange tilsette som har lagt ned eit stort arbeid for å komme i gang, seier Bøhler.
Totalt skal det byggjast 2100 basestasjonar for det nye naudnettet. I dag er kring 1300 bygd ut. 14 politidistrikt har til no det nye naudnettet på plass. Alle distrikt skal etter planen ha det nye nettet klart neste haust.
På Sørlandet er det til saman 157 basestasjonar.
Les meir om saka hjå NRK