Hopp til hovedinnhold


Sunnmøringar må reise tre timar til legevakt

Frå 2016 vil ni kommunar på nordre Sunnmøre samarbeide om éi legevakt i Ålesund. Dette er for å kunne tilby legevakt døgnet rundt, skriv NRK Møre og Romsdal.
Les og: Reisetid og avstander til legevakt
Stranda kommune skal nytte legevakta i Ålesund utanom normal kontortid, og pasientar frå Geiranger kan få landets lengste reiseveg til legevakta.
Dei som bur i ytterkantane av kommunen må regne med ei reisetid på opptil tre timar.
Administrerande leiar for legevakta i Ålesund, Reidun Trones Vikan, meiner det er forsvarleg med ei legevakt som er langt unna.
Ho har erfaring med samarbeidet med Haram kommune, som også har fleire øyer. Der har det hittil gått bra.

Vil føre til at færre reiser til legevakta

Guttorm Raknes, som har forska på reisetid til legevakt, seier at færre besøker legevakta når ein bur langt unna.
– Tre timer er i noregstoppen når det gjeld reisetid til legevakt. Det er ein klar samanheng mellom reiseveg og bruken av legevakta, seier Raknes.
Les mer om saken hos NRK