Hopp til hovedinnhold


Strenge krav til legevaktene

Forslaget til ny forskrift for akuttmedisin ligg føre. Det vil gjera det utfordrande for Sauda å driva eiga legevakt, skriv Ryfylke.

Sauda, Suldal, Etne og Vindafjord kommunar har vedteke å gå saman om ei felles legevakt i Ølen, med planlagt oppstart innan 1. januar 2016.

Diskusjonen har gått høgt både i politiske fora og blant innbyggarane i spesielt Sauda og Suldal. Argumenta for og imot samanslåinga har vore mange og kjenslene sterke.

Eitt av argumenta som vart brukt for samanslåinga var innhaldet i det varsla forslaget til ny forskrift om krav til og organisering av kommunal legevaktordning, ambulanseteneste og medisinsk naudmeldeteneste med vidare, den såkalla akuttmedisinforskrifta.

Nå har helse- og omsorgsdepartementet sendt forslaget til ny forskrift ut på høyring. Onsdag i førre veke avga eit einstemmig Sauda kommunestyre sin uttale.

Arbeidarpartiets Aud Jorunn Nymark meiner at forslaget til ny forskrift viser at det var rett av Arbeidarpartiet, Venstre og Kristeleg Folkeparti å stemma for at Sauda skulle slutta seg til det nemde legevakt-samarbeidet.

Ho viser til at dei varsla nye krava vil gjera det vanskeleg, om ikkje i praksis umogleg, for andre enn dei aller største kommunane å driva eiga legevakt.

Les mer om saken hos Ryfylke