Hopp til hovedinnhold


Slår alarm om rutinane ved 110-sentralen

Innføringa av det nye naudnettet har ført til store utfordringar i Hordaland, skriv Sunnhordland.

I eit brev til kommunane som er tilknytt 110-sentralen i Haugesund skriv Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) at dei er kjent med at det er betydelege utfordringar i den daglege drifta av sentralen.
«Situasjonen er alvorleg. Det er mange avvik spesielt knytt til utalarmering av brann- og redningsvesen,» skriv leiinga i DSB.

Nedprioritert

Problema skal særleg vera knytt til innføringa av det nye naudnettet, og bruken av nye verktøy. DSB understrekar at verken kommunegrenser eller økonomi skal vera til hinder for at dei som treng hjelp frå brannkorpset skal få det så raskt som råd, og ber kommunane og 110-sentralen om å saman finna løysingar for situasjonen i alarmregionen.
– Det har vore for lite ressursar til å gjennomføra naudnettprosjektet her, som har ført til at ein del ting har blitt hengjande igjen, som skulle vore gjort tidlegare. Dette har særleg gått utover viktige ting som dokumentasjon og skriftlegheit på rutinar. Det har blitt nedprioritert, seier Tor-Inge Henriksen.

Han er brannsjef i Haugesund, og ansvarleg for 110-sentralen som Stord, Fitjar og Bømlo sorterer innunder. Henriksen fortel at det er feil i konfigureringa av dei nye verktøya, som har ført til at det somme tider har vore kalla ut feil mannskap.

– For mykje mannskap

– Det har påverka kor store ressursar som har blitt kalla ut, seier Henriksen.
– Har det vore situasjonar der folk ikkje har fått den hjelpa dei har trengt, på grunn av dette?
– Nei, det har helst vore at det har blitt kalla ut for mykje mannskap, slik at det har blitt dyrare for kommunane.

Les meir om saka hjå Sunnhordland