Hopp til hovedinnhold


Rapport avslører: Nødsentralane er for små og sårbare

Nødsentralar som ikkje klarer å samarbeide, og som har for liten kapasitet ved store hendingar. Slik blir norsk nødmeldeteneste skildra i rapport. Konklusjon: «Det haster» med å gjere noko, skriv NRK Norge.

Oppsummering av rapporten: Utredning av nødmeldetjenesten
Les og: NRK har publisert lydloggene fra bussdrapene i Årdal
Det hastar også når du ringer 110, 112 eller 113. Då kjem du til ein av landets 63 nødsentralar som skal hjelpe deg når liv, helse og verdiar står på spel.
I dei fleste tilfelle fungerer nødmeldetenesta bra, ifølgje ein rapport frå Nasjonalt nødmeldingsprosjekt, men sentralane er ikkje godt nok rusta til å takle dei store krisene:
«Tjenesten er sårbar og har for liten kapasitet til å håndtere store uforutsette hendelser».

«Betydelig forbedringspotensial»

Førre veke publiserte NRK lydloggar frå handteringa av trippeldrapet på Valdresekspressen i Årdal. Akuttmedisinsk kommunikasjonssentral (AMK) i Helse Førde fekk kritikk av fylkeslegen og DSB fordi dei gjorde alvorlege varslingsfeil i handteringa av hendinga.
AMK-sentralen fekk mellom anna melding om terror, kapra buss og om mange drepne, men denne informasjonen blei aldri varsla vidare til dei to andre nødsentralane.
Rapporten frå Nasjonalt Nødmeldingsprosjekt vart lagt fram for Justis- og beredskapsdepartementet i mindten av desember i fjor.
I rapporten står det mellom anna at det finst «eksempler på hvor håndteringen av hendelser går galt» og at det er dokumentert at «nødmeldingstjenesten kan forbedres på en rekke områder».
Rapporten slår også fast at det er eit «betydelig forbedringspotensial».

«Det haster»

Ifølgje rapporten frå Nasjonalt nødmeldingsprosjekt hastar det å gjere nødsentralane betre.
«Utredningen som er gjennomført av Nasjonalt nødmeldingsprosjekt viser at forbedringstiltakene må iverksettets nå», heter det. Det står også:

  • «Det haster å bygge robusthet i norsk nødmeldingstjeneste»
  • «Dagens nødmeldingstjeneste klarer ikke å ivareta godt nok samvirket mellom nødetatene»

Les meir om saka hjå NRK