Hopp til hovedinnhold


Råkøyrde etter ambulanse - førarar bøtelagde

To personar har fått bøter på til saman 19.000 kroner for å ha lagt seg på hjul etter ambulansar under utrykking, skriv NRK Sogn og Fjordane.
Den første saka er frå mai i år, då ein motorsyklist la på hjul etter ein ambulanse under utrykking på riksveg 5 mellom Flora og Førde.
Politiet meiner motorsyklisten unødig forstyrra ambulanseføraren som måtte senke farten og tilpasse køyringa. Motorsyklisten skal mellom anna ha følgd på då ambulanseføraren gjorde forbikøyringar, sjølv om ambulansføraren her køyrde over lovleg fart.
Føraren av motorsyklisten fekk ei bot på 9000 kroner fot brot på vegtrafikklova.
Nokre månader seinare følgde ei ung kvinne på ein ambulanse under utrykking på E39 mellom Sande og Førde. Kvinna følgde mellom anna etter på raude trafikklys og var godt over lovleg fartsgrense. I tillegg til 10 000 kroner i bot misser ho førarretten i tre månader.
– Basert på alle dei tusen oppdraga vi gjennomfører er ikkje dette eit stort problem for oss. Men årleg har vi eit par-tre slike episodar, seier Sægrov.
Alle slike hendingar blir politimelde, og som oftast blir trafikantane som forstyrrar ambulansen på denne måten stogga med det same, fortel ambulansesjefen.
Les meir om saka hjå NRK