Hopp til hovedinnhold


Politiet ombestemmer seg

No stiller dei seg likevel positive til å ta i bruk nasespray mot overdosedødsfall, skriv NRK Hordaland

Nasesprayen kan potensielt redde liv. Likevel sa politiet i Bergen i utgangspunktet nei til å ha sprayen med seg når dei patruljerer. Også politiet i Oslo vurderer å ta i bruk sprayen.
No har dei skifta meining. Neste månad får bergenspolitiet opplæring i å bruke Nalokson, og nasesprayen vil mest sannsynleg vere på plass i politibelta denne hausten.

Råd frå rusakutten

Dette skjer mellom anna etter råd frå rusakutten i Bergen. Professor i rusmiddelforsking, Jørgen Bramness, jobbar med eit prøveprosjektet i regi av senter for rus og avhengigheitsforsking. Han trur nasesprayen kan redusere det høge talet på overdosar i Norge – viss mange nok bruker den.
– Eit av suksesskriteria er å spreie denne sprayen ut blant så mange som mogeleg, slik at han raskt kan takast i bruk. Det er ikkje vanskeleg å bruke han, seier Bramness.

260 døyr kvart år i Norge

Kvar veke krev overdosar fem menneskeliv i Norge. I løpet av eit år er talet 260 personar. Politiet i Bergen ser menneske i overdose nærast dagleg.
Les meir om saka hjå NRK