Hopp til hovedinnhold


Politi og ambulanse ser store utfordringar med tunnelstenging

Naudetatane fryktar for liv og helse når Statens vegvesen stenger Mundalsbergtunnelen og Bjørsviktunnelen i periodar frå mars, skriv Avisa Nordhordland.
Statens vegvesen er i gang med eit omfattande oppgraderingsarbeid av tunnelane på heile Vestlandet.
Frå mars/april og ca. eit år framover skal to av tunnelane på E39 i Nordhordland, Mundalsbergtunnelen og Bjørsviktunnelen, oppgraderast.
Dette arbeidet vil medføre store trafikale utfordringar.
– Det er ei stor utfordring for oss. Det vil gå på liv og helse når det er akutte ulykker. Skal vi køyra ein omveg over Høyland vil vi garantert bruka 25-30 minutt lenger tid enn om vi kunne køyrt E39, seier Jarle Førland, assisterande seksjonsleiar for ambulansetenesta i Knarvik.
Under møtet onsdag førebudde Statens vegvesen ambulansetenesta på å måtte bruka helikopter i kritiske situasjonar.
– Dersom veret er elendig, helikopter ikkje er tilgjengeleg og tunnelane er stengd i fire timar. Kva gjer de då?
– Vi må rett og slett ta ei vurdering når vi får varsel på kva beredskap vi skal ha. Då kan det bli aktuelt å plassera ein bil på andre sida, men det må vi nesten sjå på når vi kjem så langt.
Les meir om saka hjå Avisa Nordhordland