Hopp til hovedinnhold


Nytt naudnett rulla ut i Trøndelag

I dag tok AMK-sentralen i Sør-Trøndelag i bruk det nye naudnettet. Neste veke er det Nord-Trøndelag sin tur. Før sommarferien er det nye digitale nettet rulla ut i heile Trøndelag – for helse, politi og brannkorps, skriv NRK Trøndelag.
– Den største skilnaden for oss trur eg blir at vi no får eit klart og tydeleg samband, for vi har streva ein del med dårleg lydkvalitet og støy tidlegare, seier avdelingssjef Kirsten Mo Haga ved AMK-sentralen i Sør-Trøndelag.
– No blir det klokkeklart. Dessutan får vi betre dekning, legg ho til.
Det nye naudnettet for dei tre ulike naudetatane skal vere ferdig utbygd og tatt i bruk i heile landet innan 2015 er omme.
Etter at helse tok nettet offisielt i bruk i dag, følgjer politiet etter den 10. juni og brannkorpset 17. juni.
Les meir om saka hjå NRK