Hopp til hovedinnhold


NRK får ikkje innsyn i lydopptak

Innsynskravet gjaldt lydopptak frå Alarmsentralen etter trippeldrapa i Årdal. Klage til Sivilombodsmannen førte ikkje fram, skriv Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Innsynskravet gjaldt Alarmsentralen sine lydlopptak frå 04.11.2013. NRK har i denne saka bedt særskilt om at innsynskravet vert vurdert opp mot EMK artikkel 10 og orskurden frå Høgsterett i Rt. 2013 side 374, som gjeld rett til innsyn i lydbandopptaka frå domstolsbehandlinga av Treholtsaka. Da Fylkesmannen stadfesta avslaget frå Alarmsentralen, klaga NRK saka inn for Sivilombodsmannen.

Sivilombodsmannen har i sitt svar til NRK 31.07.2014 slått fast at lydlopptaka er organinterne dokument, som det i utgangspunktet er heimel for å nekte innsyn i etter offentleglova § 14. Den skriftlege loggen er eit anna dokument enn lydfilene, sidan det ikkje er tale om rein avskrift.

Spørsmålet i saka er etter dette om EMK artikkel 10 gjev rett til innsyn.
Regelen i EMK artikkel 10 vil ikkje alltid gje pressa rett til innsyn. Retten til innsyn vil mellom anna vere avhengig av kor stor samfunnsinteresse som er knytt til saka. I denne saka har Fylkesmannen kome til at andre omsyn må vege tyngre. Vi har mellom anna vist til at omsynet til ei fungerande nødmeldeteneste krev at nødetatane og andre innringarar må kunne kommunisere fritt utan å tenkje på at lydopptaka vil kunne bli offentlege. Fylkesmannen har vidare lagt til grunn at avveginga av om det skal gjevast meirinnsyn etter offentleglova § 11 gjev eit lovfesta og nødvendig unntak i eit demokratisk samfunn i samsvar med EMK art. 10 nr. 2, frå ein eventuell rett til innsyn som måtte følgje av EMK art. 10 nr. 1.
Les meir om saka hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane