Hopp til hovedinnhold


No er han på nytt naudnett

I dag tok ambulansane på Stord og funksjonsleiar Lars Gunnar Nilsen i bruk det nye naudnettet. I september kjem resten av Stord sjukehus etter, skriver Sunnhordland.

– Det nye nettet gjer at det blir veldig mykje lettare for oss å samhamndla med brann og politi på hendingar, seier seksjonsleiar Ingvill Hystad Kyvik. Det nye nettet er digitalt i motsetning til det gamle analoge. Det har mykje betre dekning. Nettet er også sikkert med omsyn til avlytting. Dermed kan ein utveksla informasjon som ein ikkje kunne tidlegare, seier Kyvik.