Hopp til hovedinnhold


Nektar NRK å sjå video av kveling

Tingretten nektar NRK å sjå ein overvåkingsvideo der ein ambulansearbeidar saman med to politi tok kvelaratak på Erik Are Stedt slik at han døde. Domen vil truleg bli anka, skriv NRK Kultur og underholdning.
Erik Are Stedt døde 29. november 2012 på Oslo legevakt. Spesialenheten for politisaker meiner at det ikkje skjedde noko straffbart då Stedt blei kvelt og drepen, men familien er sterkt ueinige. NRK og reportasjeredaktør Alexandra Beverfjord vil kaste lys over dødsfallet:
– Forklaringane om det som skjedde er sprikande. Me har gått rettens veg for å få ut overvåkingsvideoen for å finne ut kva som eigentleg skjedde. Når eit samfunnsmedlem dør i samband med ein arrestasjon, så er det definitivt ei sak av allmenn interesse.

Blei lagt på magen og kvelt

Ifølge etterforskingsrapporten så fekk Stedt diagnosen paranoid schizofreni som femtenåring og var alvorleg psykisk sjuk. Politiet kom til legevakta etter meldingar om at han var ustabil. Ein lege meinte han skulle leggast inn og politiet skulle hjelpe til med transport til sjukehus.
Det blei basketak mellom Stedt og to politikvinner. Ein ambulansearbeidar kom til for å hjelpe politiet. Han tok kvelartak på Stedt.
Stedt blei lagt på golvet i mageleie medan ambulansearbeidaren hadde kvelartak på han. Dei to politibetjentane jobba med å få på handjarn. Kvelartaket blei heldt i 58 sekund.
Obduksjonsrapporten slår fast at Stedt døde av kveling og at det må ha blitt brukt relativt stor kraft i kvelartaket. Stedt blei 35 år gamal. Spesialenheten la vekk saka og meinte at det ikkje hadde skjedd noko straffbart, og at det blei handla i nødverje. Fire uavhengige vitne på staden har forklart at Stedt ikkje gjekk til angrep, men prøvde å kome seg vekk.
Les meir om saka hjå NRK