Hopp til hovedinnhold


Mange svarar ikkje på naudoppkallingar

Ni kommunar i Sogn og Fjordane har ikkje gode nok rutinar, og svarer for sjeldan på oppkallingar frå AMK. Det kjem fram i eit tilsyn gjennomført av fylkesmannen, skriv NRK.
Fylkeslegen rettar ein peikefinger mot det han ser som uhaldbart i naudkommunikasjonen mellom Helse Førde og kommunane i Sogn og Fjordane.
– Vi ser at ein del kommunar ikkje alltid sørgjer for å vere tilgjengelege for tilkalling av øyeblikkeleg hjelp, slik dei skal vere, seier han.

Står om sekund

Seks kommunar oppgir i eit tilsyn at dei ikkje alltid svarer på oppkall frå AMK. Tre av dei som rapporter at dei alltid svarer, gjer det faktisk ikkje.
At så mange kommunar ikkje svarer på samband er alvorleg, meiner fylkeslegen.
I situasjonar der det er bruk for straks hjelp, tek AMK kontakt med vaktlege, som er forventa å vere tilgjengeleg på helseradioen. Når dei ikkje får respons der, er dei nøydde å tilkalle på alternativt vis, til dømes på mobil og eller fasttelefon. Desse må søkjast opp og imens går tida.
Les meir om saka hjå NRK