Hopp til hovedinnhold


Justisdepartementet stadfester: AMK-sentralane kan bli flytta

AMK-sentralane for 113-naudnummeret kan bli med på flyttelasset til dei nye, store politidistrikta, melder NRK Sogn og Fjordane.

– Det er eit klart ønske å få det til, stadfester statssekretær Hans J. Røsjorde (Frp): i Justis- og beredskapsdepartementet.

Politiet skal riggast for AMK

I dag finst det 16 Akuttmedisinske kommunikasjonssentralar (AMK) rundt om i Norge. Sentralane er drivne av helseføretaka, som regel i tilknyting til eitt av dei større sjukehusa.
I politireforma regjeringa la fram førre veke, der ein går frå 27 til 12 politidistrikt, står det med klartekst at politiet sine operasjonssentralane skal klargjerast slik at dei også kan inkludere AMK:
«Dei nye sentralane skal bli klargjort slik at helsevesenet sine AMK-sentralar kan bli plassert på same stad».
I Sogn og Fjordane opna Helse Førde nytt prehospitalt bygg (sjå video) i tilknyting til Førde sentralsjukehus så seint som i fjor haust. Med ein prislapp på 166 millionar kroner inneheld bygget AMK-sentral, luftambulansebase og ambulansestasjon for fire kommunar.
Bygget vart då sett på som ei nyvinning andre helseføretak kom for å sjå, som ein mal for framtidas akutthelseteneste. No kan deler av investeringa i verste fall vise seg å vere bortkasta, fryktar stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete (Sp).
Les meir om saka hjå NRK