Hopp til hovedinnhold


Hyllar det nye naudnettet

Naudetatane kan gjere ein betre jobb for innbyggjarane med det nye naudnettet, meiner politiet. Dei hyllar det nye digitale radiosambandet og meiner det vil gjere fylket til ein tryggare stad å bu, skriv NRK Hordaland.
– Me kan vel seie det slik at me kosar oss, seier Terje Tonning.
Han har hatt ansvaret for overgangen frå analogt til digitalt radiosamband i politiet i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.
Berre seks dagar etter at dei begynte å bruke det nye naudnettet, konkluderer Tonning allereie med at det gjer arbeidskvardagen langt betre for politiet sør i fylket.
– Det har svart til forventningane, og me har fått gode tilbakemeldingar frå brukarane. Det er ingen som ynskjer å gå attende til det me hadde, seier Terje Tonning.
 Kva er dei største fordelane med det nye naudnettet?
 Dette verkar heile tida, og det verkar så godt som over alt. Det har ein talekvalitet som er så godt at du nesten kikkar rundt deg for å sjå om han som snakkar til deg står rett bak deg, seier Tonning.
Med eit tastetrykk skal politiet også ta med brannvesenet og Akuttmedisinsk kommunikasjonssentral (AMK) i samtalen.
Brannsjef på Stord, Børge Presthaug meiner dette vil gjera Sunnhordland til ein tryggare stad å bu, når dei er klare for det nye naudnettet rett over nyttår.
– No når me har hatt dekningsprøve på det nye så har me dekning over heile Stord, til og med oppe i fjella der me aldri har hatt dekning før, seier han.
Les meir om saka hjå NRK