Hopp til hovedinnhold


Vil ha sentrale retningslinjer

Styreleiar i Helse Førde, Jorunn Ringstad, kan ikkje love at saka om ambulansetenesta i fylket kjem opp før nyttår. Det likar Balestrand-ordførar Harald Offerdal dårleg, skriver NRK Sogn og Fjordane.

– Vi byrjar å bli utolmodige og vil gjerne ha eit klart svar frå styret i Helse Førde. Men vi har fått klar tilbakemelding om at dei ikkje vil seie noko før den prehospitale planen vert lagt fram, seier Offerdal.
Balestrand har vore utan eigen ambulanse sidan 1. september i fjor, og har kjempa iherdig for å få ambulansen tilbake til kommunen.
Skulle nokon bli sjuke slik at dei har behov for sjukebil, er det personell og bil frå nabokommunen Høyanger som vert kalla opp.
Det har balestrendingane sagt klart ifrå om at dei ikkje tykkjer er godt nok. Dei er uroa over responstida som dei meiner vil vere 40 minutt eller meir.
Også Fylkeslegen har vore inne i saka, men han konkluderte i februar med at responstida er akseptabel.

Vil ha sentrale retningslinjer klare

Styreleiar i Helse Førde, Jorunn Ringstad, peikar på at det er klare årsaker til at saka har teke lang tid.
– Vi har lenge sagt at vi skal ha ein gjennomgang på heile ambulansetenesta i fylket. Når vi ikkje har gjort den saka ferdig, så er det fordi det vert jobba sentralt med retningslinjer for prehospitale tenester og ein del av det som går på både kommunane og spesialisthelsetenesta sine oppgåver. Vi har venta slik at vi får sjå kva som kjem ut av det, seier Ringstad.
Les meir om saka hjå NRK