Hopp til hovedinnhold


Fryktar jobben blir for tøff

Fastlegane Solaty og Kumar i ytre Bremanger vurderer om dei i det heile tatt kan halde fram i jobben om ambulansestasjonen på Hauge blir lagt ned, skriv Fjordenes Tidende.

Dei to legane har vore i Bremanger i 15–16 år og er vel kjende med utfordringane i kommunen.

Helse Førde har i ein målrapport for ambulansetenesta i fylket mellom anna føreslått å legge ned ambulansestasjonen i ytre Bremanger og Selje.

Forslaget har fått massive protestar. Saka skulle opp til handsaming i styret i Helse Førde på fredag, men vart utsett på ubestemt tid.

Solaty og Kumar meiner det ville vere totalt uforsvarleg å legge ned ambulansestasjonen i ytre, slik Helse Førde vil.
– Vi har fylkets høgaste forbruk av ambulanse i forhold til folketalet. Av og til har vi behov for to ambulansar samtidig. Om vi må reise ut på akutte hendingar åleine, utan støtte frå ambulansepersonell, vil vere heilt uakseptabelt og uforsvarleg. Ingen legar vil arbeide slik. Og vi kjem til å vurdere stillingane våre om dette skjer, seier Solaty.
I dag kan ambulansen på Hauge nå dei fleste plassar i ytre Bremanger innan 20 minutt.
Livreddande arbeid dei første minutta har mykje å seie for liv og helse. Ambulanse heilt frå Svelgen tek ein time.
Les meir om saka hjå Fjordenes Tidende