Forskingsetisk vaktbikkje
Brennpunkt-programmet "Hjertelotteriet" framstilde eit forskingsprosjekt som loddtrekking om livreddande behandling. Nå er forskningsprosjektet utropt til eit av dei to viktigaste i verda innen feltet gjenoppliving.
Brennpunkt-programmet "Hjertelotteriet" framstilde eit forskingsprosjekt som loddtrekking om livreddande behandling. Nå er forskningsprosjektet utropt til eit av dei to viktigaste i verda innen feltet gjenoppliving, skriv Aftenposten.
Bakgrunn: Norge best på hjertestansforskning
Les: IV ja/nei-studien var forsvarlig
Les og: Hjertestansstudien ble prisbelønt
Meir bakgrunn: IV-ja/IV-nei-studien – hva ble resultatet?
Utdrag av kommentar: Dobbelt så mange overlever hjertestans i Oslo. Meldinga viste til to forskingsprosjekt ved Oslo Universitetssjukehus utpeika til verdas to viktigaste dei siste fem åra innan feltet gjenoppliving.
Eit Brennpunkt-program, «Hjertelotteriet», frå 2008 dukka då opp i minnet. Programmet kritiserte skarpt eit forskingsprosjekt på gjenoppliving med og utan bruk av adrenalin intravenøst, ein alternativ metode for livredding. Dette var eit av dei prosjekta som NTB-meldinga omtala.
Forsking og forskingsetikk er komplisert. Nok ein gong har media felt ein kjapp dom. Å bli skulda for uetisk forsking er svært tungt. Helsetilsynet har funne at prosjektet var fagleg forsvarleg, og uavhengige ekspertar har konkludert at forskinga var nødvendig, god og etisk akseptabel.