Hopp til hovedinnhold


Fekk 20-dobbel morfindose – døydde natta etter

To sjukepleiarar i ein sunnmørskommune er melde til Statens helsetilsyn etter å ha gitt ein pasient 20 gongar så mykje morfin som han skulle ha. Få timar etter var pasienten død, melder NRK Møre og Romsdal.

Kvinna som har klaga, meiner årsaka til dødsfallet var den store dosen morfin som sjukepleiarane gav pasienten ettermiddagen dagen før.
I brevet til Statens helsetilsyn kjem det fram at feildoseringa skjedde heime hos pasienten, og feilen blei oppdaga då kollegaen til sjukepleiaren kom innom.
Likevel forlèt begge sjukepleiarane etter kort tid pasienten, utan å sjekke korleis den store morfindosen verka.
Dei kontakta heller ikkje legevakt/AMK, eller forsøkte å få tak i ein ambulanse. I staden køyrde dei vidare for å sjå til andre pasientar.
Les mer om saken hos NRK Møre og Romsdal.