Hopp til hovedinnhold


Dømd for vald mot ambulansemedarbeidar

Ei jente i tenåra er dømd til 21 dagar fengsel på vilkår etter å ha slege til ein ambulansemedarbeidar på vakt, skriv NRK Sogn og Fjordane.
dd45d054dfce696b68bc0b43a11d1bfeKvinna som blei slegen fekk skader i ansiktet og var sjukemeld ein periode.
Jenta må betale 500 kroner i erstatning og 20.000 kroner i oppreising til kvinna.
Dette skjedde sommaren 2014 då den tiltalte jenta skulle til sjukehuset på Nordfjordeid. Ho blei køyrt av ein ven og blei møtt av ambulansepersonell då dei kom fram.
Det er ulike oppfatningar av kva som skjedde i forkant av valdsepisoden. Kvinna som jobba på ambulansen har forklart at ho stod åleine ved ei dør då den tiltalte kom gåande imot ho. Ho spurte jenta om ho ville gå sjølv eller bli køyrt til avdelinga, men at ho ikkje tok på jenta.
I retten forklarte kvinna at då jenta hadde passert med ein meter avstand, snudde ho plutseleg og slo mot nasebeinet hennar med knytt neve. Ambulansearbeidaren fekk vridd hovudet, men det trefte ho likevel i augeregionen på eine sida av ansiktet. Ho meinte ho svima av som følgje av slaget.

Meiner slaget kom impulsivt

Den tiltalte hadde ei anna forklaring og sa seg ikkje skuldig etter tiltalen då ho møtte i retten. Ho fortel at ho var redd då ho kom til sjukehuset og at ho kjente ei hand på skuldra då ho passerte ambulansearbeidaren. Ho snudde seg då impulsivt rundt og retta eit svingslag mot personen som stod der.
Tre andre vitne på staden har litt andre versjonar av det som skjedde.
Les meir om saka hjå NRK