Hopp til hovedinnhold


– Det må dessverre ein tragedie til før det skjer noko

Politiet og brannvesenet i Oslo meiner det hastar med felles naudsentral, men saknar politisk vilje. – Dette har vi påpeika sidan 2006. Vi er utolmodige og klare, men det må takast ei avgjerd, seier stabssjef Johan Fredriksen i Oslo-politiet til NRK Norge.
Politiinspektør Johan Fredriksen veit korleis det er å handtere store kriser. Han er stabssjef i Oslo politidistrikt og var med på å leie politioperasjonen 22. juli 2011. Han veit også korleis det er å få kritikk når ting går gale.
Tida er overmoden for å gjere noko med naudmeldingstenesta, meiner Fredriksen.
– Det må dessverre skje noko tragisk før det skjer noko. Vi vil ha betre moglegheiter for å lukkast dersom vi samlokaliserer oss med dei andre naudetatane. Vi er ikkje berre utolmodige på våre eigne vegner, men også på vegner av publikum.

– Det står ikkje på vilje, men på pengar

Fredriksen og Oslo-politiet får støtte av sjefen for landets største brannvesen. Brannsjef Jon Myroldhaug i Oslo brann- og redningsetat er klar for å flytte inn hos politiet.
– Det har vi vore positive til lenge, og vi har hatt samtalar med Oslo politidistrikt om dette ei stund, men det står rett og slett på pengar. Det må byggjast ut eigna lokale før vi kan flytte inn hos politiet. Sentralen deira er for trong, seier Myroldhaug.
– Samlokalisering har blitt diskutert i årevis, og det er på tide å flytte saman.

– Dette har vi påpeika sidan 2006

Politiinspektør Johan Fredriksen seier dei ved fleire høve har påpeika behovet for ein ny og oppdatert naudsentral, men i fjor blei planane stoppa av regjeringa – sjølv om Gjørv-kommisjonen tilrådde å opprette ein nasjonal operasjonssentral i Oslo.
– Og vi meiner det hastar, sa Alexandra Bech Gjørv då kommisjonen la fram sin rapport om 22. juli-terroren.
– Vi er avhengige av nye og større lokale. Dette har vi påpeika sidan 2006. Vi treng ein større og meir oppdatert operasjonssentral, og vi ønskjer å samlokalisere oss med dei andre etatane. Men dette kostar pengar, seier politiinspektør Fredriksen.
– Vi er veldig klare for å dele lokale med brann- og helsevesenet. Dette handlar om vår evne til å handtere store og komplekse saker, og vi er utolmodige.

Varslingsglepp også i Oslo

Under trippeldrapet på Valdresekspressen i Årdal fekk AMK-sentralen mellom anna melding om terror, kapra buss og om mange drepne. Men denne informasjonen blei aldri varsla vidare til dei to andre naudetatane. Dette førte til at brannvesenet rykka fram til det dei trudde var ei heilt vanleg bussulykke.
Ifølgje Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) skjer det varslingssvikt kvar einaste veke rundt om i landet, og at dei same feila som skjedde i Årdal også kunne skjedd andre stader.
Ifølgje Myrholdhaug skjer det også glipp i hovudstaden – svikt som har sett hans mannskap i fare:
– Vi har døme på situasjonar der vi ikkje har fått viktig informasjon, til dømes om kriminelle eller ustabile personar. Det har skjedd at vi har rykt ut på brannmeldingar, men har blitt møtt av farlege folk. Dette er informasjon vi kunne tenkje oss å vite for å ikkje utsetje oss for fare, seier Myrholdhaug.
Les mer om saken hos NRK