Hopp til hovedinnhold


– Det er rart at alle får bruke overdosesprayen, men ikkje vi

Medan andre får bruke overdosesprayen Nalokson, må ambulansetilsette bruke sprøyte for å gje overdosepasientar motgift, seier ambulansearbeidar Otto Sætre-Hansen til Bergens Tidende.

– Det hadde sjølvsagt vore betre om me kunne bruke ein spray i staden for sprøyte. Me risikerer å få infeksjonar når me stikk pasientar med nåler, seier Sætre-Hansen.
På ambulansestasjonen i Bergen sentrum gjer seksjonsleiar Sætre-Hansen seg klar for dagens femte utrykking. I ambulansen får han beskjed om at det er snakk om ei overdose. Pasienten er bevisstlaus og pustar dårleg. Ambulansearbeidaren finn raskt fram motgifta Nalokson som han gjer mannen i tjueåra gjennom ei sprøyte i armen.
– Motgifta hjelp han å puste normalt. Dei fleste som døyr av overdose, døyr av mangel på oksygen, fortel Sætre-Hansen.

Prøveprosjekt

I juni 2014 starta utdelinga av den såkalla overdosesprayen, ein nasespray som inneheld Nalokson, og som myndigheitene håpar skal senke talet på overdosedødsfall. Bruken av nasesprayen er eit prøveprosjekt, der mellom anna rusavhengige, pårørande, og politiet i Bergen får bruke sprayen på pasientar som har tatt overdose.
No reagerer ambulansetilsette på at dei blir nekta å bruke nasesprayen.
Overlege og sjef for akuttmedisinsk avdeling I Bergen, Guttorm Brattebø, meiner at også helsepersonell burde få bruke nasesprayen.
– Det er ei raskare, og ikkje minst ei enklare metode å gje behandling på. All behandling der me slepp å stikke pasientar med sprøyte er å føretrekke.
Han fortel også at det er mange i ambulanestjenesten  som ikkje har sertifisering til å gje motigifta Nalokson med sprøyte. Det betyr at dersom ein ambulanse rykkar ut til ei overdose der ingen i bilen har slik autorisasjon, må dei tilkalle ei ny ambulanse.

Ikkje godkjent som medikament

Årsaka til at ambulanspersonell ikkje får bruke sprayen er at nasesprayen ikkje er godkjent av Statens legemiddelverk som eit vanleg legemiddel i Noreg.
– Naloksonsprayen er ein del av ein studie, difor er den ikkje tilgjengeleg for helsepersonell, seier medisinsk fagdirektør i Statens legemiddelverk, Steinar Madsen.
Les mer om saken hos Bergens Tidende