Hopp til hovedinnhold


– Brukar legevakta som eit «drop in»-legekontor

Tre av fire personar som oppsøker legevakta har sjukdommar som kunne ha venta til dagen etter, skriv NRK Hordaland.
Det er Nasjonalt kompetansesenter for legevaktmedisin som har sett nærare på nordmenn si bruk av legevakta. Resultatet syner at 75 prosent av alle som får behandling på legevakta, har sjukdommar som kunne ha venta til fastlegekontoret opna dagen etter.
– Terskelen er låg for å oppsøke legevakta. Vi nyttar den som eit slags drop-in legekontor, seier Guttorm Raknes som står bak forskingsrapporten.
I tillegg syner forskinga at dei som bur i nærleiken av ein legevakt, også er dei som nyttar den mest unødvendig.

– Kan vente til dagen etter

Legevakta er ei akuttmedisinsk teneste som i prinsippet berre skal ta i mot pasientar som ikkje kan vente til dagen etter.
– Mange som kjem til legevakta har ein tilstand som i medisinsk forstand kan vente, meiner Raknes.
Det kan vere plager som til dømes hoste, feber, sår hals, forkjøling og øyreverk som gjer at folk finn vegen til legevakta.
Les meir om saka hjå NRK