Hopp til hovedinnhold


Blir hindra på livsreddande oppdrag

Sabotasje og skodelyst, kallar brannkonstabelen Jørgen Lie det han opplevde då han rykte ut for å redda ned ein liten gut frå eit tre i Oslo førre veke. Naudetatane opplever det som eit stort problem at publikum hindrar livreddande arbeid, skriv NRK Norge.
Telefonen på operasjonssentralen kimar.
Ein gut i 10-års alderen står i fare for å falla ned 4–5 meter etter å ha klatra opp i eit tre ved Rudolf Nilsens Plass i Oslo sentrum, fortel innringaren denne julikvelden.
Brannkonstablane Jørgen Lie og Martin Akstun er på kveldsvakt og rykkjer straks ut i stigebil 93 frå Hovudbrannstasjonen i Oslo. Det er kort veg dit dei skal og dei opplever i utgangspunktet ikkje oppdraget som spesielt uvanleg eller dramatisk.
Men det som skjer undervegs får dramatikken til å auka og frustrasjonen til å renna over hos brannkonstabel Lie. Denne veka la han difor ut heile historia på Facebook, med ei bøn til publikum om å la naudetatane få fritt lende.
– Eg skreiv innlegget fordi eg føler ein viss frustrasjon over at me mistar ein god del tid ved at folk stel merksemda vår. Det er provoserande når me prøver så godt me kan å spara tid og vera effektive, seier Lie til NRK.
Medan Lie og Akstun køyrer rundt og leitar etter guten som er i naud, får dei nemleg auge på ei gruppe ungdomar som vinkar og stiller seg ute i vegen i det aktuelle området. Dei køyrer bort, stoppar og rullar ned vindauget, i tru om at det er folk som prøver å hjelpa dei fram.
Det er det diverre ikkje.
– Det viser seg at dei berre er ute etter å stela tida vår. Dei lo og syntest det var morosamt å få merksemda vår. Det var rett og slett sabotasje i ein naudsituasjon, seier Lie til NRK.
Konsekvensen blir at brannbilen har køyrt for langt, må bruka tid på å snu og bana seg veg tilbake, mot køyreretninga i ei trong einvegskøyrd gate med mykje trafikk.
Dei mistar halvanna, kanskje to minutt på denne bomturen. I mellomtida har guten i treet falle ned frå ei grein til ei anna.
Når brannmennene omsider kjem fram, begynner guten å bli sliten av å klamra seg fast. Det hastar med å få han ned, men igjen blir dei hindra av publikum – skodelystne vaksne og born har samla seg under treet og flyttar seg ikkje på brannmennene sin kommando.

Kan døy etter 90 sekund i brannrøyk

Både brannvesenet, ambulansetenesta og politiet opplever stadig vekk å bli hindra av publikum når dei skal redda liv.
– Når folk ser ein brannbil på utrykking må dei tenkja at den kan vera på veg til folk som held på å drukna eller som er innesperra i eit brennande hus fullt av giftig røyk. Du kan faktisk døy av brannrøyk på 90 sekund. Me jobbar alltid mot klokka, seier brannkonstabel Lie.
Også ambulansearbeidarar veit smerteleg godt at kvart minutt og sekund kan bety forskjellen mellom liv og død.
– Det verste er hjartestans og overdosar. Ei kvar hindring tel, me køyrer jo med blålys fordi det hastar å koma fram, påpeikar den operative leiaren for ambulansetenesta i Oslo og Akershus, Pål Lystad.
Han deler brannetaten sin frustrasjon.
– Eg får ofte telefonar frå fortvila ambulansepersonell som har blitt hindra i å gjera jobben sin. Det er blitt så vanleg at me kanskje ikkje heilt tenkjer over det før ekstreme tilfelle dukkar opp, fortel Lystad, som har 20 års fartstid i yrket.
Den generelle respekten for utrykkingspersonell er tydeleg mindre no enn for berre fem år sidan, ifølgje Lystad i ambulansetenesta.
Les meir om saka hjå NRK Norge