Hopp til hovedinnhold


Blålysets riddarar

Ein sein kveldstime ein av dei fyrste dagane i det nye året har eg avtale med vakthavande team ved ambulansestasjonen på Nesbyen. Men i døra møter eg stasjonsleiar Geir Smedsgård og kollega Hilde Kåseth på veg ut, skriv Hallingdølen.
Det er ingen sjuke som treng transport, og det har heller ikkje skjedd nokon alvorleg ulykke. Årsaka er rett og slett at ambulansebilen i Hemsedal har kollidert med elg på Rv52 mellom Gol og Hemsedal, og at kollegaene der no må få låne reservebilen som er stasjonert på Nesbyen.
– Ja, det blir jo som vår andre heim, dette. Me bur her rundt 100 døgn i året, smiler Hilde når ho og Geir er vel tilbake etter kollegahjelpa oppover dalen.
Lenge var det praksis at ambulansepersonalet hadde vakt heime, men i dag er det stasjonsvakt i heile Hallingdal. I Nes vart dette innført frå 2003.
– Her har me sju stillingar på éin bil. Me er åtte fagarbeidarar og to lærlingar, fortel Geir, som har ansvar som stasjonsleiar. Det inneber at kvar av dei har vakt rundt to gonger i veka i snitt. Dei byter på kven som arbeider saman. Geir og Hilde har no vore på vakt sidan klokka åtte om morgonen og skal halde på i 24 timar, til klokka åtte neste dag.
– På ei døgnvakt har me betalt for 16,83 timar. Resten søv me bort, smiler Geir.
– Kanskje ..., legg Hilde til.
Når alarmen går om natta, skal dei vere på vegen i løpet av tre minutt. På dagtid er kravet berre eitt minutt.
I Nes har dei i snitt 2,3 utrykkingar i døgnet.
Både Hilde Kåseth og Geir Smedsgård har langt over 20 års erfaring som ambulansearbeidar.
– Kva er det verste de har opplevd?
– Eg var med etter trafikkulykka sør for Bromma for nokre år sidan, der fire menneske omkom. Når ein kjem til ein slik ulykkesstad, veit ein nesten ikkje kvar ein skal begynne, sukkar Hilde.
– Eller ei ulykke med ei ung mor, som du veit har ein son på alder med din eigen son, seier Geir. Han deltok også ved Utøya-tragedien i 2011, som sjølvsagt var ei spesiell hending som har brent seg fast i minnet.
Les meir om saka hjå Hallingdølen