Hopp til hovedinnhold
Illustrasjonsfoto: Thinkstock


Forsker på kunstig intelligens-støtte til AMK-operatører

Ved hjelp av algoritmar, data og kunstig intelligens utviklar forskarar nå eit verktøy som kan bidra til å redde liv i dei avgjerande minuttane.

Berre 60 prosent av dei akutte hjerneslagpasientane får i dag riktig diagnose og påfølgande medisinsk behandling, skriv forskarane bak prosjektet AISMEC (Artificial Intelligence Support in Medical Emergency Calls).

Dei har som mål å utvikle kunstig intelligens-basert (KI) støtte i avgjerder for operatørar som handterer medisinske nødrop. Dette skriv Helse Vest i ein nyheitssak.

Raske avgjerder

– Vi må heile tida ta stilling til kva type hjelp innringar trenger. I dag bruker vi Norsk Indeks for medisinsk naudhjelp som støtte når vi vurderer 113-henvendingane.

Vi fastsett hastegrad rød, gul eller grøn, så sender ambulansekoordinator ut ambulanse, fortel Tone Alfsvåg Engelsen, fagutviklingssjukepleiar ved AMK Bergen. Ho er òg vaktleiar på sentralen.

– Vår avgjerd skal gå fort. Vi får over 50 naudtelefonar kvar vakt, og vi må vere raske. I ein samtale på eit par minutt skal vi skrive, snakke, lytte og vurdere. Det er viktig at ingenting glepp.

Kvart år får over 10 000 pasientar i Noreg akutt hjerneslag. Hjerneslag krev effektiv terapeutisk behandling innan ein viss tidsfrist, og berre halvparten av dei ramma kjem til sjukehus innan den første kritiske tidsramma.

Hjerneslag aleine utgjer den tredje høgaste dødsårsaka og er den største årsaka til alvorleg funksjonshemming som krev langtidspleie ved institusjonar.

Teknologi for kvalitet

I København har KI-analyse av lyd og tale i nødrop vist seg å overgå operatørar når det gjeld å oppdage hjartestans.

AISMEC-prosjektet set saman analyse av kva innringar seier, med pasienten sine medisinar og data frå tidlegare sjukehusjournalar.

Basert på dei ulike datakjeldene, vil kunstig intelligens berekne om det er sannsynleg at pasienten har akutt hjerneslag, og vidare varsle operatøren. Teknologien kan bidra til å forbetre kvaliteten i akuttmedisinsk teneste, og systemet skal i første omgang testast på hjerneslag. 

Medan operatørane er opptekne med å få heile bildet, kan framtidas robot hjelpe dei med å tolke orda som blir sagt. Fall. Vondt i hovudet. Bevisstlaus.

Kople symptom og sjukdom

– Dette verktøyet kan tolka orda som blir sagt i samtalen. Den vil òg kunne finne reseptdata på innringaren, hente utvalde data frå sjukehusjournalen og ut frå disse kunne berekne helserisikoen på ein augeblink. Det gjer at operatørane kan få ulike varsel på skjermen svært raskt. 

Det seier overlege Emil Iversen i KoKom – Nasjonalt kompetansesenter for helsetjenestens kommunikasjonsberedskap. KoKom skal bidra til å sikre høg kompetanse og kvalitet i den medisinske naudmeldingstenesta og har blant anna utvikla den nye modellen.

Iversen er med i forskargruppa og held på med ein doktorgrad om prosjektet. Han seier det er viktig å utvikle betre støtte til operatørane i dei kritiske minutta.

– Som lege på legevakt og i AMK Oslo, har eg sett behovet tydeleg fleire gonger. Det går raskt, og tilgjengeleg god informasjon kan vere avgjerande, spesielt for behandling av hjerneslag.

Om pasienten berre har eitt av symptoma på slag, kan det vere vanskeleg å kople symptom og sjukdom. En KI-modell kan sjekke historikk og data og dermed bidra til at vi blir obs på det eine symptomet.  

Studien er eit samarbeid mellom KoKom, Helse Vest IKT, Helse Bergen, Høgskolen på Vestlandet, LHL Hjerneslag og Norsk Hjerneslagregister og er finansiert av Forskningsrådet.

Forskarane har blant anna kartlagt alle pasientar som ringde AMK i perioden 2018-2019. Reseptdata og data frå tidlegare sjukehusjournalar er kopla saman, og det skal nå utviklast ein modell for vidare testing. 

– Vi er i ei tidleg fase og vil nok ikkje få dette i bruk før om tidlegast tre år. Status nå er at vi jobbar med å kople saman data. Vidare skal vi trene modellen ved å teste den på historiske data før vi kan sette den ut i bruk. Dette vil ta tid.