Hopp til hovedinnhold


Ampert om ambulanse

I eit møte torsdag orienterte Ambulanse Midt-Norge om at ein frå nyttår likevel vil setje i verk vedtaket frå 27. februar om å ta bort dagbilen i ambulansetenesta i Vanylven, skriv Synste Møre
Dette møter sterk kritikk frå kommune- og helseleiing i Vanylven, som mellom anna meiner dei har vorte lova å sjå nærare på ei praktisk samarbeidsløysing.
I styremøte i Ambulanse Midt-Norge i februar vart det ut frå eit underskot på 25 millionar kroner i ambulansedrifta for dei tre fylka bestemt å ta bort mellom anna ambulanse nummer to i Vanylven, som vert driven på dagtid frå 08 til 16 alle kvardagar.
Etter å ha fått til eit møte med styreleiar Petter Bjørdal, der Vanylven skisserte ei løysing med at tilsette i ambulansetenesta kan kombinere ledig kapasitet i ambulansearbeidet med å vere i jobb i omsorgstenesta i kommunen, vart saka utsett.
Smertar minst
Torsdag kom så ambulanseleiinga på besøk med den overraskande meldinga for Vanylven at vedtaket likevel vil trå i kraft frå nyttår. Dette vert grunna i dårleg kapasitetsutnytting og at ein i arbeidet med innsparingar finn at det gir minst konsekvensar. Administrerande direktør i Ambulanse Midt-Norge, Håkon Gammelsæter, viste til at ein må sjå Søre Sunnmøre under eitt.
– Tala vi har arbeidd ut viser at det å ta bort dagambulansen i Vanylven vil vere det som ut frå ei samla analyse for korleis ein skal bruke ressursane i området, vil vere det som gjer minst skade, sa Gammelsæter.
Akseptabelt
I lag med logistikksjef Jon-Ola Wattø, la han fram tal som viser at sannsynet for det ein kallar samtidigheitskonfliktar i Vanylven, det vil seie at to ambulansar får akuttoppdrag samstundes, er svært liten.
– Då har ein også dekning gjennom luftambulansar frå både Førde, Florø og Ålesund. I Trondheim har ein tre bilar, ein meir enn i Vanylven, og samtidigheitskonfliktar er daglegdags. Vi må gjere det beste ut av midlane vi har til rådvelde, og eg ber om forståing for at vi har vurdert dette så grundig som muleg, sa Gammelsæter.
Set liv og helse i fare
I det han etterkvart gav karakteristikken eit oppheta møte, fekk dette sterk kritikk frå kommune- og helseleiing i Vanylven. Ordførar Jan Helgøy trekte fram at dette er nok ein negativ faktor for Vanylven.
– I eit så rikt land som vårt er det underleg at økonomiske rammer skal vere avgjerande for liv og helse. Og at de berre kjem her og legg fram vedtaket er ikkje det vi til vanleg kallar dialog. Om vi som politikarar berre skal akseptere det, har vi svikta vårt ansvar. Dette møter vi gong på gong, med bussruter som vert tekne frå oss og funksjonar som verte tekne bort. At tryggleiken ved å bu i kommunen vert dårlegare, gjer det ikkje lettare å bu her, sa Helgøy.
Les mer om saken hos Synste Møre