Hopp til hovedinnhold


Ambulansekommandosoldatar med pepparspray?

Forventningar om at ein skal rykka inn eller ta tak før politiet kjem kan setja både lærlingar og meir erfarent følgepersonell i ei vanskeleg knipe, skriv lege og skriben Ingebjørn Bleidvin på NRK Ytring. Han meiner at det kan vera farleg å endra ein av dei mest grunnleggjande prinsippa: sikkerheit fyrst.
935dbd09c0a7727e2143877810820513Det er langt mellom politifolka i Norge. Me løyser ikkje det problemet ved å senda ut ambulansepersonell i staden for.
Ein stad på Vestlandet, ein gong i fjor: Fire menneske ligg omkull nede i kahytten i ein fritidsbåt. Dei har besvimt av kullosforgifting. Det er mørkt, trongt og umogeleg å få lufta ut tidsnok, så med stor fare for eige liv og helse får personalet frå den fyrste ambulansen på staden henta ut alle saman. Hadde dei venta på brannvesen og politi, hadde alle fire i båten høgst truleg døydd.
Litt tidlegare på sommaren, same stad: Ein ambulanse nektar å utføra oppdraget dei blir tildelt. Dei kjenner personen som bur på adressa, og veit at det har vore vald ved tidlegare utrykkingar. Mot AMK si vurdering ventar dei på politiet. I utgangspunktet er begge desse tilfella i strid med reglane.

Gjennomgang etter 22. juli

Helseministeren har sendt på høyring nye rutinar for korleis helsepersonell skal forholda seg til usikra skadestader. Slik det er no er reglane klare: Dei skal halda seg unna inntil politi og/eller brannvesen har erklært området trygt. Gjennomgangen kjem etter reaksjonar på at fleire titals ambulansar stod tilsynelatande virkeslause oppe i vegen ved Utvika 22. juli, medan ofre og frivillige kjempa for livet i vatnet og fjøresteinane. 22. juli-kommisjonen kallar det «et paradoks» og skreiv at «Helsepersonell har en handlingsplikt når liv og helse står på spill».
No skjedde det rett nok meir i og rundt ambulansane enn ein såg på flyfoto, men når ambulansen har køyrt fleire mil for å koma fram, forventar ein at den ikkje stoppar nokre titals meter unna. På Vestlandet har problemstillinga igjen kome opp etter trippeldrapet på bussen i Årdal, der det var brannmannskaper som fyrst pågreip gjerningsmannen.

Kva skjer med kvardagsberedskapen?

Ulike nyordningar har vore foreslått. Ein er å oppretta spesialtrente lag av helsepersonell som kan rykka ut saman med politiet, og utøva fyrstehjelp parallelt med politiaksjonen. Dette hjelper derimot lite når det ofte er nettopp politiet si utrykkingstid som er problemet. Sjølv om politiet fekk disponera Redningstenesta sine helikopter, kan det framleis ta ein time å rykka ut til Bergen, slik artiklar i Bergens Tidende har vist.
I tillegg ville dette berre vera ei løysing for bynære strok og Indre Austland. I Norge kan me ikkje basera oss på ambulansekommandosoldatar som nedkjempar skurkar med høgrehanda, bandasjerer knivstikk med venstre og styrer hjartestartaren med stortåa. Me må klara oss med den jamne legevaktslege og ambulansearbeidar, og dei kan det vera langt mellom. Skal reglane endrast, og vanleg helsepersonell i større grad gå inn i usikra situasjonar, må me sjå på korleis dette vil påverka den daglege beredskapen rundtom i landet.

Den einsame ambulansen

På min førre arbeidsstad, Stokmarknes i Vesterålen, har delar av regionen opp mot to timars køyretur til både sjukehus og legevakt. God ambulansedekning gjer opp for dette, men det er tynt med reservar. Dersom ein ambulanse vert sett ut av spel på ein skadestad, er det lenge å venta på neste. Skal ein så verdifull ressurs som denne einsame ambulanse utsetjast for fare, vil det krevja utdanning, trening, utstyr, og ikkje minst nokre tunge prinsipielle avklaringar.
Les heile kommentaren hjå NRK